CICERO - Center for International Climate Research
NO
Meny
TOPICS
Energy Food and forests Climate finance Local Solutions China The Arctic ​International Climate Policy

Å måle global oppvarming

Climate news - News and opinions about climate science

Published 20.03.2012

Om vi skal kunne sjå på effekten av framtidige utslepp, må vi kunne samanlikne gassar og partiklar som har ulike levetider i atmosfæren. Dessverre finst det ikkje ei samlande måleining som gjev den fulle og heile sanninga.

Klimamodellar reknar ut fortidas og framtidas klima. I modellane verkar ei viss mengd av ulike klimagassar og partiklar ulikt i atmosfæren. Gassane kan samanliknast ved at vi reknar om til CO2-utslepp med eit «globalt oppvarmingspotensial» (GWP). GWP vart introdusert i FNs klimapanel sin første klimarapport, nettopp for å illustrere uvisse, kunnskapsmanglar og utfordringar ved å samanlikne ulike klimagassar.
 
I denne rapporten vart GWP presentert med tidshorisontar på 20, 100 og 500 år. Det betyr at ein ser på klima-effektar for utslepp etter ein viss tidsperiode. GWP byggjer på endringa av atmosfærens strålingspådriv, målt i Watt per kvadratmeter. Enkelt sagt er strålingspådriv endring i balansen mellom strålinga inn til og ut frå jorda. Dersom det strålar meir inn i atmosfæren enn ut, blir det varmare. GWP-100, altså med ein tidshorisont på 100 år, betyr at ein summerer opp strålingspådrivet gjennom 100 år.
 
Strålingspådriv er i seg sjølv ikkje ei klimaendring, men noko som fører til klimaendringar. Difor er det ikkje ein enkel og direkte fysisk samanheng når vi bruker GWP som mål på klimaendring, slik som temperaturendring og havnivåstigning, som kan målast i grader og centimeter. Trass i desse utfordringane vart GWP med ein tidshorisont på 100 år (GWP-100) raskt standarden for klimaendringar, blant anna i Kyoto-protokollen.
 
Bruken av GWP-100 blir ofte presentert som vitskapleg, men bak valet av måleining og tidshorisont ligg òg eit verdival. Med verdival meiner vi politiske val som er uavhengige av vitskapen. For kva er viktigast å måle, og kven bestemmer kva ein skal fokusere på?
 
Det er ei etablert sanning at den viktige klimagassen metan (CH4) er «25 gongar meir oppvarmande» CO2. Men dette er berre sant dersom ein brukar GWP-100. Andre måleiningar med andre tidshorisontar vil gje andre svar, alt mellom 4 og 72 gongar meir. CO2 og CH4 oppfører seg ulikt i atmosfæren, og dermed finst det ikkje noko eksakt styrkeforhold.
For oss kan dette høyrast ut som ein fagleg diskusjon med lite relevans. Men slike måleiningar vert brukt i diskusjonar om klimakutt, og forslaga vert ulike etter kva måleining ein nyttar. På New Zealand er dette ei reell problemstilling, ettersom rapinga frå alle sauene i landet fører til metanutslepp på høgde med karbondioksid.
 
Alternative klimamåleiningar vert diskutert innan forskingsmiljøet. Ein aukar relevansen på måleininga ved å sjå direkte på klimaeffektar, følgjer eller økonomiske skader. Dessverre gjev ulike måleiningar ulike forholdstal. Ein hovudkonkurrent baserer seg på temperaturendring (GTP), der forholdstalet for CH4 er 4 etter 100 år.
 
Å samanlikne klimaeffektar i atmosfæren er ein komplisert affære. Når alt kjem til alt, balanserer GWP-100 forholdet mellom ulike verdival godt. Det vektar kort- og langliva gassar og partiklar og nære og fjerne klimaeffektar på ein fornuftig måte. GWP-100 vil nok overleve som gullstandarden for global oppvarming.
Å måle global oppvarming

Foto: Johannesen/Flickr

Denne artikkelen ble opprinnelig publisert i Magasinet Klima nummer 2, 2012