CICERO - Center for International Climate Research
NO
Meny
TOPICS
Energy Food and forests Climate finance Local Solutions China The Arctic ​International Climate Policy

Fjellbønder med oske i ermet

Climate news - News and opinions about climate science

Published 16.05.2012

I gamle dagar spreidde bønder i fjellbygdene oske og jord over snøen om våren for å få fortgang i våronna. Dette kunne vere avgjerande for om ein skulle få korn i hus om hausten eller ikkje.

Å kunne kontrollere vêr og klima er noko menneske har drøymt om lenge. I dagens samfunn synest dei fleste det er flott med ein god og varm sommar. I eldre tider, då folk livnærte seg på små gardar og husmannsplassar, kunne vêret bestemme om innhaustinga gjekk bra eller ikkje. Om avlinga feila heilt, var det ikkje noko alternativ å ta bilen til næraste kjøpesenter.
 
Difor tileigna folk seg kunnskap om korleis ein kunne sikre avlinga betre. Fjellbønder dyrka bygg, den mest vêrharde kornsorten, på dei mest solfylte og frodige plassane. Likevel var det lite som skulle til før dei marginale jordlappane år om anna ikkje gav korn. Det vart dyrka korn i område der det i dag er utenkjeleg å bruke til dette formålet.
Eit effektiv tiltak på å få lengre vekstsesong var å spreie oske eller anna mørkt materiale over jorda ved starten av snøsmeltinga. Ein prost i Rana fortel i 1834 at bøndene «sprer sanden med sin skuffel over sneen paa det sted hvor ageren ligger under. Dette middel er meget virksomt, ti de paa den hvide sne brekkede solstraaler samler sig paa sanden, deen oppvarmes og æder sig gjennem sneen som tæres hastig bort».
 
Altså såg det ut som at dette mørke materialet åt seg gjennom snøen, og difor vart denne oska kalla åt eller åte. Namnet tyder på at dette er ein gammal tradisjon. På folkemunne vart det sagt at ein dag med arbeid om våren gav ei veke eller to ekstra om hausten. Dermed kunne innhaustinga av kornet skje ei veke eller to tidlegare om åkrane vart dekte med åt om våren.
 
Oska kom frå vedomnar og peisar. Ved ufullstendig forbrenning vert det danna svarte sotpartiklar. Dette kan gjere oska mørk. Sot er svært effektivt til å absorbere solinnstråling. Dermed fører slike partiklar til at ei kvit snøoverflate vert gråare, med resultat at meir solvarme blir att til å smelte snøen. Dette fører til tidlegare og raskare snøsmelting enn det elles hadde blitt. Konsekvensen er lokal oppvarming. Dessutan fungerer oske som gjødsel og hjelper imot forsuring.
Fjellbønder med oske i ermet

Fjellbønder med oske i ermet

Fjellbønder med oske i ermet

Fjellbønder med oske i ermet

Denne artikkelen ble opprinnelig publisert i Magasinet Klima nummer 3, 2012