CICERO - Center for International Climate Research
NO
Meny
TOPICS
Energy Food and forests Climate finance Local Solutions China The Arctic ​International Climate Policy

Kuleramma avslører politikken

Climate news - News and opinions about climate science

Published 12.10.2012

Det er drygt sju år att til 2020. Kor sannsynleg er det at dei ambisiøse kuttlovnadane oppfyllest innan då, med dei tiltaka som skisserest i klimameldinga?

Teksten er endra i andre avsnitt, siste del 10.1.13. Norske kutt er presisert.
 
CICERO har sett på dei mest konkrete forslaga og prøvd å lage overslag over kor store kutt desse vil føre til i CO2-utslepp fram til 2020. Ein god del av tiltaka er generelle, noko som er nærast umogleg å rekne effektar av. Eksempel på dette er raskare utbygging av infrastruktur, slik som togutbygging sentralt på Austlandet og fleire sykkel- og gangvegar. Difor vert fokuset her på seks sentrale tiltak, der kalkulatoren enkelt kan brukast. Men først litt informasjon om kutt i forhold til kva.
 
Referansebane
I klimameldinga står det at Noregs utslepp skal reduserast med 30 prosent i forhold til 1990. Dessverre er ikkje det så enkelt som det høyrest ut. Denne reduksjonen skal skje i forhold til ein referansebane, som baserer seg på blant anna økonomisk utvikling og folketilvekst framover. I denne referansebanen tar ein utgangspunkt i at det ikkje vert gjort bevisste klimatiltak. Mens utslepp av CO2-ekvivalentar i 1990 var på 49,8 millionar tonn CO2, er det estimerte utsleppet i 2020 etter referansebanen på 56,9 millionar tonn CO2. Altså skal vi kutte frå talet 56,9. I klimameldinga står det at det innanlandske norske kuttet skal vere på 15–17 millionar tonn CO2. Dette tilsvarar to tredelar av dei totale norske kutta. I tillegg skal ein tredel av dei norske kutta takast utanlands gjennom kjøp av klimakvotar.
 
Over til kollektivt
Det første punktet vi tar for oss i klimameldinga, er at aukinga i persontransporten i storbyområde skal skje ved auka kollektivtransport. Vekst betyr stigande utslepp, og i dette tilfellet på omtrent 0,05 millionar tonn CO2. Men sett imot referansebanen vert dette eit kutt på cirka 0,26 millionar tonn CO2.
 
Nye bilar
Det neste tiltaket i klimameldinga er eit mål om at nye bilar i gjennomsnitt ikkje skal sleppe ut meir enn 85 gram CO2 per kilometer. Dette er ein markert reduksjon frå 134 gram CO2 per kilometer i 2011. Ettersom levetida til ein bil er cirka 18 år, vil det ta mange år før gjennomsnittet av bilparken kjem ned på dette nivået. Isolert sett fører dette til eit utsleppskutt på 30 prosent i 2020, men trafikk-en vil samtidig auke med 13 prosent. Sett frå ein referansebane betyr dette eit kutt på cirka 1,6 millionar tonn CO2.
 
Meir biodrivstoff
Påbodet om innblanding av biodrivstoff vil bli auka til 5 prosent viss bærekraftskriteria er tilfredsstillande, samtidig som ein vidare auke til 10 prosent vert opna for. Om biodrivstoff fører til ei halvering av utslepp, vil den første auken bidra med kutt på 0,08 millionar tonn CO2 og det andre med kutt på 0,25.
 
Elektrifisering av sokkelen
Eit fjerde tiltak er at elektrifisering av nye olje- og gassfelt på norsk sokkel skal vurderast i kvart enkelt tilfelle, men dette vil ikkje verte noko krav i 2020. Samtidig er det usikkert kor mange felt som vert bygde dei neste ti åra. Dette gjer det svært vanskeleg å kalkulere på utsleppskutt. Om vi brukar prognosar frå Klif, vil eit grovt overslag på ein million tonn CO2 vere fornuftig.
 
Passivhus
Regjeringa vil skjerpe energikrava for nybygg inn til passivhusnivå i 2015 og nesten nullenerginivå i 2020. Med utgangspunkt i tal frå Klif kan dette tiltaket grovt rekna redusere utslepp med 0,1 millionar tonn CO2 i 2020.
 
Ut med oljefyr
Bruken av oljekjelar skal fasast ut fram mot 2020. Dette er delvis gammalt nytt, ettersom støtteordningar allereie i dag hjelper til med denne utviklinga. Difor er det vanskeleg å seie kor mykje denne klimameldinga bidreg i reduserte utslepp. Om vi seier at kutta skuldast klimameldinga, så kan vi estimere eit kutt på omtrent 1 millionar tonn CO2.
 
For lite
Totalt gir desse seks tiltaka ein reduksjon på omtrent 4,3 millionar tonn CO2 relativt til referansebanen. Andre tiltak som er vanskelege å rekne på, vil truleg bidra med litt meir, men vi er framleis langt unna målet i klimaforliket på 15–17 millionar tonn CO2. Sjølv om det er mykje bra med klimameldinga, så er det lite truleg at løfta frå forliket vil bli nådde med dei tiltaka ho presenterer. I etterkant er klimameldinga behandla i Stortinget, noko som førte til ei forsterking av verkemidla. Med unntak av ei litt tidlegare utfasing av oljefyr i offentlege bygg, endra til 2018, er det lite handfast det er enkelt å rekne på i det nye forliket.
 
Til slutt er det viktig å få fram at det er stor uvisse i desse tala, ettersom dette er enkle utrekningar gjort med mangelfull informasjon. Likevel illustrerer bruken av kuleramma at å få til store utsleppskutt er svært vanskeleg, og at klimameldinga ikkje går langt nok i å klare det.
Kuleramma avslører politikken

KUTT FRÅ TRIKK? Aukinga i persontransporten i storby-område skal bli tatt ut i økt kollektivtransport einlig Klimameldinga. Dette vil kutte 0,26 millionar tonn CO2. Foto: Eilif Ursin Reed

Forsidefoto: L.C. Nøttaasen

Denne artikkelen ble opprinnelig publisert i Magasinet Klima nummer 5, 2012