CICERO - Center for International Climate Research
NO
Meny
TOPICS
Energy Food and forests Climate finance Local Solutions China The Arctic ​International Climate Policy

Skitten straum i stikkontakten

Climate news - News and opinions about climate science

Published 26.11.2012

I dag kan du kjøpe garanti på opphavet til straumen du brukar. Denne lite brukte ordninga kan sikre norske forbrukarar rein straum på papiret. Dette kompliserer utsleppsutrekningar.

Denne historia om opphavsgarantiar starta med at eg sjølv lurte på kva for utslepp mitt elektrisitetsforbruk fører til. Ifølgje EU-direktiv må straumrekninga gi informasjon om kva for straum som vert brukt. På kanten av straumrekninga mi med lita skrift stod det link til nettadressa Nve.no/varedeklarasjon. For dei aller fleste norske forbrukarar vil straumrekninga vise til denne internettsida. Sida fortalde meg at eg i fjor brukte 45 prosent fossil kraft, 32 prosent kjernekraft og berre 23 prosent fornybar kraft. Korleis er det mogleg? 95 prosent av kraftproduksjonen her til lands er jo frå vasskraft.
 
Grøn garanti
Norske politikarar vedtok i 2005 eit fornybardirektiv frå EU, der målet var å auke forbruket av fornybare energikjelder. Som ei følgje av dette direktivet vart det sett opp ein europeisk marknad, der ein skil mellom fysisk og økonomisk kjøp og sal av straum. Dermed kan ein på papiret kjøpe grøn straum, men likevel fysisk ha skitten straum i stikkontakten. Poenget er at når ein kjøper seg ein grøn garanti på straumen ein forbrukar, så sikrar ein at ein like stor del av straumen ein annan plass i Europa er grøn. Dette har fått namnet opphavsgaranti. Alle andre kjøper då reststraumen, ein straum som blir skitnare og skitnare di fleire reine opphavsgarantiar som vert kjøpte ut av den felles marknaden.
 
Fysikken seier
Dei fleste av oss vil synest dette er rart, ettersom den fysiske straumen vi får i heimen mest truleg er grøn. Reint fysisk er det rørsla til elektron i leidningar og kraftliner som fører til at energi frå kraftverk vert transportert inn til ditt og mitt hus. Det er umogleg å vite kvar elektrona eg får nytte av har fått energien sin frå. Truleg er energien ei blanding frå ulike kraftverk i nærområdet. Ettersom norske forbrukarar kjenner godt til at  norsk straum i hovudsak er vasskraft, er det vanskeleg å få aksept for ei økonomisk tilnærming, der reststraumen er skitten.
 
Europeiske kjøparar
Sidan 2007 har Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) kalkulert kva reststraumen er for norske forbrukarar. Det året stod vasskraft for 82 prosent av reststraumen. For kvart einaste år har fleire og fleire opphavsgarantiar blitt selde, og omtrent 70 prosent går til utlandet. Resultatet vert at reststraumen i liten grad er fornybar, mens ein stadig veksande del kjem frå fossil kraft produsert i Europa. Eg fyrer altså med skitnare og skitnare straum, på papiret.
 
Ifølgje Østfoldforskning var utsleppa for denne norske reststraumen på 380 gram CO2 per kilowattime i 2010, noko som er meir enn det dobbelte av den gjennomsnittlege nordiske straumen. Vi på CICERO plar å bruke den nordiske gjennomsnittselektrisiteten i utrekningane våre for norske utslepp. Med den vanlege reknemåten vil ein typisk elbil under bruk ha utslepp på omtrent ein femdel av ein ny bensinbil, mens den skitne reststraumen vil gi utslepp som er cirka halvparten av ein bensinbil.
 
Manglande aksept
Svært få nordmenn kjenner til opphavsgarantiar, og endå færre nordmenn har kjøpt desse garantiane. Klima har tidlegare skrive om temaet og vist til forsking gjort av CICERO som viser at ein del norske bedrifter ikkje har tillit til ordninga. Fleire selskap har prøvd å selje opphavsgarantiane til husstandar, med lite hell. Dette kan illustrerast med selskapet «For Better Days», som måtte endre på ein reklamekampanje etter at Forbrukarombodet meinte dei dreiv med villeiande marknadsføring. I kampanjen skapa dei eit inntrykk av at kundar kan velje mellom å få ut grøn eller skitten straum frå stikkontakten.
 
Europeiske straumkundar har i større grad akseptert ordninga. I 2010 vart 35 prosent av all fornybar kraft i Europa selt med opphavsgaranti. Meir enn halvparten av denne krafta kom frå Noreg. Blant norske kundar av opphavsgaranti finn vi Slottet og fleire godt kjende bedrifter. Alle tog i Noreg køyrer på kraft med opphavsgaranti. Vidare er alle som har elbil og er medlem av Norsk elbilforening òg sikra rein straum for bilen sin.
 
Selt to gongar
Resultatet av aksept for opphavsgarantiar i Europa og manglande aksept i Noreg er at den norske grøne straumen blir selt to gongar. Vi nordmenn trur vi brukar rein straum, ettersom det fysisk sett stemmer. Europearar trur dei òg brukar rein norsk straum, sidan dei har kjøpt garantibevis for det. Begge grupper kan ha rett, men begge kan dessverre ikkje ha rett samtidig. Ein kan få inntrykk av at norske politikarar og kraftleverandørar underkommuniserer at den reine norske straumen faktisk blir selt ut på papiret, slik at vi står att med den skitne straumen.
 
Ikkje ukjend
Å skilje mellom fysisk kjøp og sal og kjøp og sal på papiret er ikkje eit ukjend omgrep her til lands. Vi i Noreg gjer dette i dag. For å klare målet i Kyoto-protokollen eller framtidige mål presentert i klimameldinga, kjøper den norske staten klimakvotar frå utlandet. På denne måten kan vi i Noreg halde fram fysisk å sleppe ut store mengder klimagassar, mens vi på papiret reduserer utsleppa våre. Forskjellen er at reduksjonane vert tatt utanlands. Dette er ein analogi til korleis utlendingar kjøpar opp den reine norske straumen gjennom opphavsgarantiar, sjølv om analogien ikkje er fullgod. Når Noreg kjøper klimakvotar, så går dei offisielle norske utsleppa ned. Når opphavsgarantiar på norsk vasskraft blir selde til utlandet, vil dei offisielle utsleppa frå Noreg likevel ikkje gå opp. Årsaka er at opphavsgarantiar ikkje har blitt formelt knytt til utsleppsutrekningar. Difor kan opphavsgarantiar føre til «grønvasking», der kjøparar av garantiane unngår å gjere reelle utsleppskutt. Klimakvotar er i denne samanhengen eit betre alternativ.
 
Komplisert
For meg som forskar på klimaeffektar av utslepp, gir denne opphavsgarantien problem. Skal eg faktisk leggje til grunn politiske vedtak om økonomisk tilnærming av kjøp av sal av straum? Slik regelverket er no, er det rett å utelate opphavsgarantiar, men enkelt er det ikkje. Dermed har vi ei utfordring når vi til dømes skal rekne på klimarekneskapet til straumforbruket vårt.
 
Referansar
  • Marianne Aasen, 2007. Kjøper du kullkraft frå Danmark?, Klima 2/2007
  • Tanja Winther og Torgeir Ericson, 2010. Kjøper ikke strømsertifikat, Klima 6/2010
Skitten straum i stikkontakten

OPPHAV: Kor kjem straumen din ifrå? Særs få kjøper opphavsgarantiar for straumen sin. Foto: Statkraft

Denne artikkelen ble opprinnelig publisert i Magasinet Klima nummer 6, 2012