CICERO - Center for International Climate Research
NO
Meny
TOPICS
Energy Food and forests Climate finance Local Solutions China The Arctic ​International Climate Policy

Metodar for å samanlikne utslepp av klimagassar: GWP-konseptet og alternative metodar

Sygna, Linda, Jan S. Fuglestvedt, Hans Asbjørn Aaheim

I denne publikasjonen har vi søkt å presentere ulike metodar for å samanlikne effekten av utslepp av klimagassar. Det globale oppvarmingspotensialet (GWP) er utvikla av FN sitt klimapanel (IPCC) til dette formålet. Dette konseptet har ein viktig funksjon i politiske avvegingar mellom ulike klimagassar. GWP tener det formål den var sett til, nemleg å samanlikne det akkumulerte strålingspådrivet som pulsutslepp av ulike gassar resulterer i. GWP som eit mål for gassen sin oppvarmingseffekt er derimot meir problematisk. Klimagass utslepp vert vekta etter kva tidshorisont ein vel. Det er heller ikkje vilkårleg kva gass ein vel å redusere m.o.t. temperaturendring. Dette vert ytterlegare forsterka då indeksen er sensitiv overfor ulike scenario m.o.t. framtidig utslepp og atmosfæren si samansetning og kjemi. Ei økonomisk tilnærming søkjer å finne ei løysning på den naturvitskapelege statiske indeksen. Dette innebær at ein diskonterer framtidig skade. Slik vert samanlikning og avveging mellom ulike gassar basert på diskontert oppvarmingspotensial eller diskonterte marginale utsleppskostnader. Ei slik tilnærming kan kvantifisere endra oppvarmingspotensial/ utsleppskostnader. Til no viser det seg at desse alternative metodane ikkje har noko gjennomslagskraft hjå avgjerdstakarar.

More details

  • Year: 1999
  • Language: Norwegian
  • Series/Report: CICERO Working Paper;1999:11