CICERO - Senter for klimaforskning
EN
Meny
Forskningsområder
klimafinans Lokale løsninger Energi Kina Internasjonal klimapolitikk Arktis Mat og skog
signaturen til kinesiske klimagassutslepp er sterk: klimaforskarar ventar ein oppgang i år - dermed bryt verda den gode trenden frå dei tre føregåande åra.

signaturen til kinesiske klimagassutslepp er sterk: klimaforskarar ventar ein oppgang i år - dermed bryt verda den gode trenden frå dei tre føregåande åra.

Globale CO2-utslepp aukar truleg i 2017

Klima - Et magasin om klimaforskning fra CICERO

Publisert 13.11.2017

Globale karbondioksidutslepp har flata ut i ei treårsperiode (2014-2016), noko som vekte til live ein sårt trengd klimaoptimisme, men i 2017 ventar forskarar at utsleppa aukar att.

I dag lanserer Global Carbon Project (GCP) sin årlege analyse av trendar i den globale karbonsyklusen, og denne gongen vert det klart kor sårbar den nylege bremsen i globale klimagassutslepp er: Utsleppa våre er venta å auke om lag to prosent i inneverande år.

Veksten i utslepp i 2017 skuldast hovudsakleg ein større utsleppsvekst i Kina og andre utviklingsland. Funna i analysen peikar på at Parismåla – måla i den internasjonale klimaavtalen teikna av FNs klimakonvensjon i Paris i 2015 – raskt kan svinne hen utan ein samla innsats for å drive ned utsleppa.

Tidleg på 2000-talet vaks CO₂-utsleppa frå fossile kjelder og industrien over tre prosent per år, før dei sakna farta i 2010, og altså flata ut etter 2014.

– Utflatinga i utsleppsveksten i perioden 2014–2016 har heile tida vore ein skjør balansegang. Veksten på to prosent, som vi ventar no i 2017, er ei krystallklar påminning om at vi ikkje kan ta utflatinga for gitt, seier Robbie Andrew, seniorforskar ved CICERO Senter for klimaforsking og medforfattar i GCP-studiane.

– Utflatinga i utsleppsveksten i perioden 2014–2016 har heile tida vore ein skjør balansegang.

robbie andrew

GCP er ei internasjonal samanslutning av klimaforskarar som jobbar for å kvantifisere globale karbonutslepp og drivarane til utsleppa.

Dei lanserer i dag ei pakke med tre vitskaplege artiklar i tidsskrifta Nature Climate Change, Environmental Research Letters og Earth System Science Data Discussions i samband med årets analyse.

Sjølv om dei ventar ein utsleppsauke på to prosent i 2017, minner forskargruppa på at talet er svært usikkert og like godt kan ende på ein eller tre prosent – det er alltid knytt ei viss uvisse til framtidsprojeksjonar. Det endelege svaret får vi ikkje før året er omme. Og, om dette er starten på ein ny trend eller ein eitt-års-glipp, får vi ikkje svar på før om eit par års tid.

Glen Peters, forskingsdirektør ved CICERO og leiar i ein av studiane, åtvarar mot stillstand i utslepssreduksjonar:

– Globale forpliktingar gitt i Paris i 2015 for å redusere utsleppa vert enno ikkje matcha med handling. Vi kan ikkje på noko vis hevde å ha runda eit hjørne og starta på reisa mot nullutsleppssamfunnet, seier han.

Kina som er nøkkeldrivaren i auken i globale klimagassutslepp.

global carbon project

I 2017 forventar Global Carbon Project desse utsleppsendringane:

  • Vekst i kinesiske utslepp på 3,5 prosent
  • Nedgang i USA sine utslepp på 0,4 prosent (veikare nedgang enn tidlegare).
  • Vekst i indiske utslepp på to prosent.
  • Låg nedgang i europeiske utslepp på 0,4 prosent (veikare enn tidlegare).
  • Vekst i resten av verda, om lag 40 prosent av den globale totalen, på 2,3 prosent.

Igjen er det altså Kina som er nøkkeldrivaren i auken i globale klimagassutslepp.

– Kina står for nesten 30 prosent av globale CO₂-utslepp, så opp- og nedgangane i kinesisk økonomi gir eit merkbart avtrykk i den globale karbonøkonomien, seier Jan Ivar Korsbakken, seniorforskar ved CICERO og medforfattar i studiane.

Kinesiske utslepp gjekk ned om lag ein prosent i 2015 og heldt seg stabile i 2016, men er altså venta å auke mellom 0,7 og 5,4 prosent i inneverande år.

– Kinesiske klimagassutslepp har vore plaga av inkonsekvensar, og særleg er dei det i år, så vi veit ikkje om dette er starten på ein vedvarande trend eller eit eingongshøve, seier Korsbakken.

Globale karbonutslepp frå fossile kjelder og industri vil nå om lag 37 gigatonn karbondioksid i løpet av året. Dette er ny rekord. Med all menneskeleg aktivitet, inkludert avskoging, kjem vi opp i ca. 41 gigatonn før året er omme.

Referanser