CICERO - Senter for klimaforskning
EN
Meny
Forskningsområder
klimafinans Lokale løsninger Energi Kina Internasjonal klimapolitikk Arktis Mat og skog
nordmenn forbrukar som aldri før og satsar på at teknologi vil redde verda frå overoppheiting. foto: Andi Campbell-Jones / flickr

nordmenn forbrukar som aldri før og satsar på at teknologi vil redde verda frå overoppheiting. foto: Andi Campbell-Jones / flickr

Lang dags shopping mot togradsmålet

Klima - Et magasin om klimaforskning fra CICERO

Publisert 12.06.2015

Forbruksnivået har passert jordas tòleevne med meir enn 50 prosent, men shoppinglysten vår består. Nordmenn trur stadig meir på teknologi og stadig mindre på å kutte eige forbruk, ifølgje ny rapport.

– Ikkje overraskande, slik er det i heile Europa, vi skal alle vekse og vere konkurransedyktige. Og kvifor skulle forbrukarane endre åtferd? Ordet på gata er at politikarane og ingeniørane kjem til å redde verda uansett, seier Kevin Anderson, underdirektør ved britiske Tyndall Centre for Climate Change Research til magasinet KLIMA.

Sjølv slutta toppforskaren å fly etter ein tur til Australia i 2004. Han har nett kjøpt seg eit kjøleskap, etter 11 år utan, og har flytta inn i eit mindre hus. Han køyrer minst mogleg bil, et ikkje kjøt og har ikkje barn. Han har ein sykkel og vurderer å skaffe seg ein til, men der går grensa.

Ordet på gata er at politikarane og ingeniørane kjem til å redde verda uansett.

kevin anderson

Ei tidleg junihelg før Anderson besøkte forskarar på CICERO, stod eg i Kristiansand dyrepark og såg på at ein kamerat av sjimpansen Julius pirka med ein pinne i eit hòl i eit stativ for å seg ein munnfull mat. Han klarte det. Dei responderer visst på teknologi sjimpansane òg. Medan eg stod der og såg på denne hårete, menneskeliknande skapningen, kom eg til å lure på: Kor mykje lenger har min eigen art kome på fire millionar år, eigentleg?

Vi har til dømes klart å presse forbruksnivået meir enn 50 prosent over jordas tòleevne. Sidan byrjinga av det førre århundret har det materielle forbruket tidobla seg. Sidan den industrielle revolusjonen har mengda CO2 i atmosfæren meir enn dobla seg. Og begge deler veks jamt og trutt: I løpet av dei neste 20 åra forventar vi at etterspørselen etter energi og vatn vil stige opp mot 40 prosent.

Statens institutt for forbruksforskning (SIFO) rapporterte nyleg at avmaktskjensla blant nordmenn aukar i klima- og miljøspørsmål. Vi trur stadig meir på teknologi og stadig mindre på å kutte vårt eige forbruk. Særleg uvillige er vi til å kutte i kjøtforbruk og flyreiser. Straumforbruket er vi meir villige til å gjere noko med. Det er greitt å slå av lyset når vi går ut av rommet. Tala frå SIFO kan tyde på at vi stolar på at politikarane vil ta ansvar og løyse klimafløkja.

Kevin Anderson ristar på hovudet. Han meiner at vi alle er politikarar, at vi alle har eit ansvar, at vi alle må sjå innover etter ei løysing.

Og politikarane har reagert, dei. I 2009 bestemte all verdas politikarar at vi ikkje skal sleppe ut meir klimagassar i atmosfæren enn at kloden vert maks to grader varmare samanlikna med førindustriell tid, for det kan skape skikkeleg øydeleggande klimaendringar. Dette vert kalla togradsmålet. Men det politiske vedtaket har ikkje blitt følgt opp med utsleppsreduksjonar og vi ligg no an til å varme opp kloden fire, fem eller seks grader meir enn før den industrielle revolusjonen tok til, og det innan 2100.

Om ikkje lenge er det vi som må lirke ut ting, ikkje mat frå ein boks i ein dyrehage, men CO2 ut frå atmosfæren.

– Vi har fundamentalt feila i å prøve å nå togradsmålet. No må vi slutte å late som noko anna. Vi har vald å feile i klimasaka i 25 år, vi vel framleis å feile og vi kjem til å velje å feile under FNs klimaforhandlingar i Paris i år, seier Kevin Anderson medan eg prøver å gøyme vekk den nye Marc by Marc Jacobs-veska mi.

Han har rett. I alle fall om vi skal tru på klimavitskapen, og det skal vi.

Vi har vald å feile i klimasaka i 25 år.

kevin anderson

Mennesket er no i ein situasjon der vi utnyttar ressursane på jorda på ein ikkje-berekraftig måte. Til og med Kronprins Haakon har fått med seg det. Han meiner at vi i alt vårt strev etter modernitet har gløymd dette heilt elementære; at vi er ein uløyseleg del av naturen, at vi er natur. Kan det vere grunnen til at vi nesten umerkeleg har satt oss mål som bommar på skiva? spurte han under CICEROs 25-årsjubileum i april (utan å nemne togradsmålet).

Som når vi definerer utvikling som inntekt per person og lite anna? Ekte utvikling gjer at menneska får det varig betre, og ekte vekst er å finne løysingar som ikkje går utover andre grupper eller miljøet, sa han.

Kevin Anderson nikkar.

– Når eg spør folk kva dei eigentleg har lyst til, svarar dei at dei vil vere meir saman med barna sine og vennene sine, og dei vil bruke meir tid på hobbyane sine. Men dei gjer noko heilt anna og det kjem dei til å fortsette med så lenge produktivitet og økonomisk vekst er vårt einaste mål på framgang. Forbruksvekst er bra, synest vi, og vegen dit er meir arbeid og færre timar til det andre i livet. Mindre arbeid og meir moro er eit godt klimatiltak, seier Anderson.

Matter matters to us. 

tim jackson

Den økologiske økonomen Tim Jackson seier det same, blant anna i boka Prosperity Without Growth som kom ut i 2009, om lag då finanskrisa seila innover Europa og Nord-Amerika. Veksten samfunnet har i dag er ikkje berekraftig, argumenterer han, verken for økonomien eller jorda eller menneskelege relasjonar. Han refererer til lykkestudiar som viser at det som gjer oss mest nøgd, er gode relasjonar til dei næraste (52 prosent) og god helse (24 prosent). Pengar, arbeid og bustad er marginale lykkesmedar (totalt 17 prosent). Men å motsetje seg vekst er også å be om sosialt og økonomisk trøbbel, ifølgje Jackson. Det skal ikkje vere enkelt. Dessutan viser han at ting er tingen for oss. Slik har det vore alle dagar og i alle kulturar.

Matter is important, but so are relationships.

kevin anderson

– Er det ikkje også i vår natur å ville eige fine ting, Anderson?

– Til eit visst nivå. Avkastninga vert mindre til meir du får. Eg drikk ikkje mykje, men eg er glad i ei øl. To også, kanskje tre til og med. Men den fjerde har eg ikkje noko glede av. Slik er det med alt. Vi må, både som samfunn og enkeltindivid, finne ein betre balanse mellom tinga vi higar etter og relasjonane vi ønskjer og treng. Relasjonar er viktige for oss, men rørsla er mykje sterkare mot å forbruke og eige og vekse. Det sørgjer dei mektige for; store selskap, politiske leiarar og til dels akademikarar – alle vi normalt ser på som rollemodellar, eit ord eg for øvrig mislikar. Vi må sjå til vennegjengen for rollemodellar, eller familien, men først og fremst inn i oss sjølve, seier han.

– Vi har alle ei rolle å spele, eit ansvar for å mobilisere endring. Læraren, e-verkssjefen, politikaren, forskaren. Vi er alle ein del av det same systemet.

Vi er alle politikarar. Vi er alle ein del av problemet. Og løysinga.

kevin anderson

– Kva med om vi byrja å reklamere for det folk vil ha meir av, utan å slenge ein BMW med på kjøpet? Kva med om du kunne ta fri frå jobben to timar to dagar i veka gjennom den mørke vinteren for å gå ut og stå på ski?

– Er det slik du meiner vi skal karre oss attende til den politiske økonomien?

– Nei, vi må fram til den politiske økonomien, vi skal framover. Vi må identifisere alt i fortida som har vore godt for oss og det som er godt for oss i dag og ta det med oss inn i framtida. Politisk økonomi handla opphavleg, på 1800-talet, om samfunnet og var mykje meir filosofisk enn i dag. Jamvel Adam Smith snakka om det. I dag har liva våre blitt ei brikke for økonomien, ikkje omvend. Men ekte politisk økonomi er å tenke på kloden, på samfunnet, på kva det gode liv er for dei fleste av oss.

– Ikkje på matematikk og finans.

 

ff

Håpefull. Professor Kevin Anderson har ikkje slutta å håpe på ei klimaløysing, men han trur ikkje ho kjem i Paris i år. Foto: Monica Bjermeland/CICERO