CICERO - Senter for klimaforskning
EN
Meny
Forskningsområder
klimafinans Lokale løsninger Energi Kina Internasjonal klimapolitikk Arktis Mat og skog

Lesetips: Trump og menneskevandringer

Klima - Et magasin om klimaforskning fra CICERO

Publisert 16.02.2017

Borgar Aamas gir lesetips for helga.

Tracing the peopling of the world through genomics av Rasmus Nielsen med fleire i Nature (publisert 19. januar 2017)

Kven er eg eigentleg? Denne artikkelen gir eit godt innblikk i korleis menneske har vandra rundt på kloden vår basert på den nyaste forskinga. Klimaendringar har styrt desse folkevandringane, til dømes korleis menneske kom seg ut av Afrika og seinare koloniserte Amerika. Vi europearar og nordmenn er ei blanding av ulike folkevandringar, i tillegg til å vere etterkommarar av neandertalarane. Det moderne mennesket har spor etter fleire utdødde menneskerasar, som truleg har gjort oss betre tilpassa det lokale miljøet og klimaet. Takke vere ein enkel gentest veit eg litt meir om forfedrane og formødrene mine, med ein og annan neandertalar slengande.

 

Sannheten om Trump av Michael D'Antonio

Denne boka såg interessant ut, men eg tenkte at eg uansett aldri kom til å lese ho. Presidentvalet gjorde boka så aktuell at eg to dagar seinare var på leit i bokhandelen. D’Antonio har intervjua Trump og hans familie, venner og fiendar. Forfattaren får godt fram Trumps bakgrunn og korleis han er ein del av ein amerikansk tradisjon langt unna livet mitt som klimaforskar. Etter å ha lest boka har ikkje Trumps første dagar som president overraska meg. Om du vil forstå korleis dei neste fire eller åtte åra blir, så er denne boka ein god start.

 

Har du et godt klimalesetips - sakprosa eller skjønnlitteratur?
Send e-post til KLIMAs bokfyk Eilif Ursin Reed!