CICERO - Senter for klimaforskning
EN
Meny
Forskningsområder
klimafinans Lokale løsninger Energi Kina Internasjonal klimapolitikk Arktis Mat og skog

Lesetips om klimaframtida

Klima - Et magasin om klimaforskning fra CICERO

Publisert 24.08.2017

Den ubehagelege sanninga, del 2

Al Gore’s inconvenient update av Valerie Thompson, Science

Al Gore er ute med ny klimafilm ti år etter An Inconvenient Truth. Oppfølgjaren heiter naturlegvis An Inconvenient Sequel. I eit svært delt USA skriv Thompson korleis filmen treff godt dei som allereie er svært bekymra for menneskeskapte klimaendringar. Utfordringa er om filmen verkar splittande for dei som enno fornektar klimaendringane.

 

Når fortida kan forklare CO2-framtida

Employing the shared socioeconomic pathways to predict CO2 emissions av Tobias Böhmelt, Environmental Science & Policy

Korleis vil framtida sjå ut? Nyleg har fem ulike framtidsbanar blitt laga, dei såkalla Shared Socioeconomic Pathways. Utifrå framtidig klimapolitikk, teknologisk og økonomisk utvikling, befolkningsvekst og samfunnsendringar kan ein lage overslag på klimagassutslepp ut århundret. Böhmelt har analysert desse banane basert på historisk utvikling. Konklusjonen er at alle dei fem alternative framtidsscenarioa vil gi ei global oppvarming på over 2 grader.