CICERO - Senter for klimaforskning
EN
Meny
Forskningsområder
klimafinans Lokale løsninger Energi Kina Internasjonal klimapolitikk Arktis Mat og skog

– Skal Noreg verte ein stranded asset?

Klima - Et magasin om klimaforskning fra CICERO

Publisert 13.03.2014

– Bærekraft er den mest interessante investeringsideen nokon sinne, sa Sarah McPhee, svensk Storebrand-direktør, på Erna Solberg sin klimadugnad i Oslo Rådhus.


– Først må vi setje pengane i vatn, dernest i lufta. Fond som ikkje tek innover seg dette, kjem til å tape pengane sine, sa Sarah McPhee, då ho 13. mars snakka til toppar innan norsk politikk og nærings- og organisasjonsliv om Storebrand sin strategi for investeringar i lågutsleppsutvikling og -teknologi.

– Det er pengar som kjem til å endre klimaet, og det er pengar eg er her for å snakke om, sa ho.
 

Noreg sitt ansvar

Pengar har Noreg nok av, meiner ho, og mykje meir enn Sverige. Difor synest McPhee Noreg både har ei spesiell interesse og eit spesielt globalt ansvar for å vri offentlege og private investeringar i grøn retning. Statens Pensjonsfond Utland (Oljefondet) har om lag 7500 plasseringar og storleiken tatt i betraktning synest Storebrandsjefen det er skremmande fondet ikkje tør å ta stilling. Ho oppmodar regjeringa til å ta grep.

– Skal Noreg verte ein «stranded asset»? Det er spørsmålet alle nordmenn bør stille seg, sa ho.

Christa Clapp, seniorrådgjevar i klimafinansiering ved CICERO Senter for klimaforsking er langt på veg samd i analysen til McPhee.

– Ho peikar på at lønnsemda innan olje og gass kan ha falle kraftig før vi når 2020, og at Storebrand legg opp investeringane etter det. Dei tek verkeleg spørsmålet om «stranded assets» på alvor. Ho nemner i tillegg at grøne obligasjonar kan vere ei god investeringsmoglegheit, sa Christa Clapp.

Har svartelista 80

Sjølv har Storebrand tatt en klar posisjon mot fossile selskap og ekskludert 23 kullselskap frå porteføljene sine. Til saman er 80 selskap er ekskludert fordi dei ikkje er vurdert som bærekraftige.

– Og bærekraft er ikkje berre eit kommersielt spørsmål. Det er eit etisk spørsmål også. Oljefondet treng ein strategi for fornybar energi, og dit er dei på veg. Dette er vel og bra, men fondet bør også gjere som Storebrand og ta et strategiske investeringsval for framtida, sa McPhee.
 

Løysing: Ekspertkommisjonar

Så korleis kan styresmaktene fremje investeringsvilje i grøne teknologiar? Finansminister Siv Jensen er opptatt av profitt. Og ho er meir opptatt av å halde på prinsippet om at forureinar betaler enn å subsidiere grøne investeringar.

– Utgangspunktet mitt er å sørgje for økonomisk vekst. Akkurat no arbeider regjeringa med fleire verkemiddel vi trur vil fremje fornybarinvesteringar og etter kvart utløyse tiltak, sa Jensen.

Ho sikta for det første til ein ekspertkommisjon regjeringa er i ferd med å setje saman. Gruppa skal vurdere om Oljefondet bør trekke seg ut av investeringar i kull og petroleumselskap. På spørsmål om kva føringar gruppa vil få, har ikkje Finansdepartementet nokon kommentar, men resultata blir ein del av ei stortingsmelding om Oljefondet som er venta om eit år. Medlemmane av ekspertgruppa skal presenterast 4. april i år sammen med eit nytt mandat for investeringar innan fornybar energi.

– Vi arbeider også med måtar å styrke den bærekraftige utviklinga i fattige land. Og vi vil utforme eit enøk-frådrag. Planane for desse tiltaka kjem i oktober under framlegginga av statsbudsjettforslaget, sa Siv Jensen.

– Både grønt og skitent

Både finansministeren og statsministeren understreka at dei også vil nedsette ein såkalla grøn skattekommisjon som skal kome med forslag om grøne skatteskift for å bidra til å nå måla i klimaforliket. Men personleg er ikkje Siv Jensen så opptatt av fargekoding av klimatiltak:

– Alle investeringar er litt grøne og litt skitne, det vert tullete å snakke om éi grøn retning, sa ho.