CICERO - Senter for klimaforskning
EN
Meny
Forskningsområder
Klimafinans Lokale løsninger Energi Kina Internasjonal klimapolitikk Arktis Mat og skog

Teknologiske gjennombrot og kunsten å kutte

Klima - Et magasin om klimaforskning fra CICERO

Publisert 10.08.2017

Borgars lesetips: Om batterier og Parisavtalen

Om det store teknologiske gjennombrotet

Reading through breakthroughs, Nature Energy

I blant kan du lese at no har forskarar gjort eit stort gjennombrot på eit eller anna felt, til dømes på elbilbatteri. Dette er løysinga på klimakrisa! Ofte er det ikkje så enkelt. Oppdaginga kan vere viktig, men ser kanskje på ein bit av eit stort puslespel. Redaktøren i Nature Energy diskuterer nye oppdagingar på ladbare batteri.

 

Kunsten å kutte klimagassutslepp

Prove Paris was more than paper promises av David Victor med fleire, Nature

Dette er lesestoff for klimapessimisten i deg. Parisavtalen kan bli ein god klimaavtale om alle gjer det dei har lova. Altså å kutte i klimagassutslepp. Forfattarane viser at alle store industrialiserte land har svært mykje ugjort når det gjeld nettopp å kutte utslepp fram til 2030. Utsleppa vil stort sett gå nedover, men langt saktare enn lovnadane indikerer.