CICERO - Senter for klimaforskning
EN
Meny
Forskningsområder
klimafinans Lokale løsninger Energi Kina Internasjonal klimapolitikk Arktis Mat og skog

Talfesting av norsk klimafinansiering til u-land

Nyheter - Nytt fra CICERO

Publisert 04.12.2015

Norsk offentleg klimafinansiering til utviklingsland var i 2014 på 1 milliard USD. Det er eit hovudfunn i rapporten som CICERO har laga for Klima- og miljødepartementet. Å spore klimafinansiering til u-land er vanskeleg på grunn av mangelfull registrering og rapportering.

Rapporten summerer opp klimafinans til u-land frå offentlege donorar og private selskap. Norsk klimafinansiering var på 1.019 millionar USD i 2014, der 578 mill. USD var bilateral og 441 mill. USD var multilateral støtte.

Dei viktigaste institusjonane som formidla desse pengane var norske ambassadar, Norad, Utanriksdepartementet, Klima- og miljødepartementet, og Norfund.

Kor mye kjem frå næringslivet?

Meir detaljert undersøkte vi prosjekt som fekk offentleg støtte på 692 mill. USD, og desse kunne koplast til estimerte 202 mill. USD i mobilisert privat del-finansiering. Desse estimerte tala er sannsynlegvis i den låge enden av intervallet for uvisse.

Vanskeleg å spore

Den største utfordringa når det gjeld å spore norsk klimafinansiering til u-land er manglande system for rapportering og verifisering i dei offentlege institusjonane som formidlar pengane. Det er også utfordringar på grunn av tekniske vanskar og mangelfulle internasjonal standardar.

I det vidare arbeidet med metodar og standardar bør ein sikte mot eit enkelt og oversiktleg system, som har nok fleksibilitet til å passe for ulike institusjonar og land.

Asbjørn Torvanger, Senior forsker

Rapporten “Estimating mobilized private climate finance for developing countries – a Norwegian study” kan lasts ned her.